Næringsavfall høyrer heime på avfallsanlegg

Næringsavfall høyrer heime på avfallsanlegg

Sande kommune har blitt gjort merksame på at nokre bedrifter og private framleis brenn avfall av ulikt materiale. Dette skal ikkje vere naudsynt då vi har gode ordningar for innlevering av avfall frå både bedrifter og private. 

Forureiningslova § 32 seier at "den som produserer næringsavfall, skal sørge for at avfallet blir brakt til lovleg avfallsanlegg eller gjennomgår gjenvinning. "

Sande kommune vil med dette presisere at alt avfall frå næring / bedrift  skal leverast - det skal ikkje brennast.   

Privat personar kan brenne berre reint treverk. 

Sande kommune har eit meldeskjema for forureining som kan brukast dersom ein vil seie ifrå om forureiningsforhold. Teknisk sektor vil då ta fatt i saka. 

Tenk miljøvern - følg reglane!

Brenning av avfall Statsforvaltaren i Møre og Romsdal