Adobe Stock
Opplæringslova er den viktigaste lova for at skulen skal klare samfunnsoppdraget sitt. Fellesskulen er ein grunnstein i den norske velferdsstaten og sørgjer for at alle barn får like moglegheiter til utdanning, uansett kvar dei bur, sosial bakgrunn, kulturell og etnisk bakgrunn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønn. Opplæringslova skal vere eit solid rammeverk som sikrar god opplæring, eit trygt læringsmiljø og medverknad i saker som gjeld dei sjølve.
Den nye opplæringslova som gjeld frå 1.august 2024 har med nye bestemmelsar på fleire viktige område: Medverknad, skuledemokrati, tilpassa opplæring og individuell tilrettelagt undervisning, kompetansekrav for lærarar og læraren sitt faglege ansvar. Det er også mellom anna nye formuleringar, presiseringar av kommunen og foreldra sitt ansvar ved heimeundervisning og kommunen sitt ansvar for tilgang på vikarar.
Av dei viktigaste endringane er kompetansekravet for lærarar der det er krav om lærarutdanning for å bli tilsett i lærarstilling og krav om relevant kompetanse i faget det skal undervisast i. Eit anna viktig område er læraren sitt faglege ansvar. Lova slår fast at det berre er lærarar som kan ha det faglege ansvar for undervisninga. Lova understrekar vidare at hovudregelen er at det er lærarar som skal gje tilrettelagd undervisning (tidlegare spesialundervisning).
Det tidlegare omgrepet, spesialundervisning, er no erstatta av Individuell tilrettelagd opplæring (§11-6.) Personleg assistanse og fysisk tilrettelegging finn ein i § 11-4 og 11-5. Elevar som har rett til tilrettelagd opplæring, er elevar som treng det for å få utbytte av undervisninga for å kunne nå måla. Det er her krav om sakkunnig vurdering før det blir fatta vedtak (§11-7). Meir om rettane til personleg assistanse, fysisk og teknisk tilrettelegging og tilrettelagd opplæring finn ein no under overskrifta "Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging"(§11).
I ny lov er fysisk inngripen (§13-4) teke inn, og lærarar kan gripe inn fysisk for å unngå uønskte situasjonar. Den nye opplæringslova understrekar at krenkingsomgrepet ikkje er subjektivt. Til dømes er ikkje irettesetting av ein elev, fagleg usemje, eller usemje om vurdering av eleven sitt arbeid ikkje å rekne som krenking etter lova (§12-5).
I §10 er medverknad og eleven sitt beste tema. Lova gjev elevane rett til å medverke i alt som gjeld dei sjølve, og det blir presisert at meiningane deira skal vektleggast etter alder og modning (§10-2) I avgjersler som gjeld elevar, skal det beste for eleven vere det grunnleggande omsynet (§ 10-1).
Formuleringa om at det er kommunen som skal sørge for at skulane har tilgang på vikarar ved vanleg og forventa fråvær, er og ny (§ 17-7). Andre endringar er oppfylging av fråværet, og presiseringar av både kommunen og foreldra sine plikter ved heimeundervisning. Når det gjeld fjernundervisning er det krav om gode grunnar for det og at det er ei trygg og pedagogisk forsvarleg opplæring.
I samband med at ny opplæringslov har tredd i kraft, er lokale forskrifter om elevpermisjon, skulerute, skulefritidsordning, skuledemokrati og skulereglar, vedtekne. Forskriftene vart vedtekne i kommunestyremøte 18.juni 2024.
Det må her poengterast at dei nye felles skulereglane i kommunen er eit resultat av at alle involverte, både elevar, foreldre og tilsette, har vore med å uttala seg i forkant. "Forskrift om skuledemokrati og skulereglar" og dei andre forskriftene, finn du under lenkjene til dei lokale forskriftene nedanfor:
Forskrift om elevpermisjon
Forskrift om skulerute
Forskrift om skuledemokrati og skulereglar
Forskrift om skulefritidsordning (vedtekter)
Lenkje til dei viktigaste endringane i ny opplæringslov:
https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/skole-og-opplaring/ny-opplaringslov/hva-er-nytt-i-ny-opplaringslov/hva-er-nytt-i-ny-opplaringslov/
Lenkje til opplæringsloven (lovdata):
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2023-06-09-30?q=oppl%C3%A6ringslova