Evelyn Røren er tilsett som ny politistasjonssjef i Herøy, Sande og Vanylven.
Silje S. Mork
I Sande ønskjer Evelyn Røren å vere ein bidragsytar til eit godt samarbeid mellom politiet og alle instansane i samfunnet, og ikkje minst vil ho vere til stades for barn og unge. Ho håper at folk i kommunen vil ha ein låg terskel for å ta kontakt med politiet og ønskjer å bidra til at politiet blir ein del av lokalsamfunnet.
Politiet har treff-tid ved rådhuset i Sande kommune første onsdagen i kvar månad. Her kan du møte utan at du treng å gjere avtale på førehand, mellom kl.10.00 og kl. 14.00. Neste gong du kan treffe Evelyn på rådhuset er onsdag 2.oktober.
Erfaring frå mange felt
Av bakgrunn før ho starta å jobbe i politiet kan det nemnast at ho har vore ei runde innom journalistikk og kommunikasjon. Evelyn har no vore i politiet i 20 år. Første delen av politilivet var ho i patruljeteneste og jobba operativt. Meir enn halve tida i politiet har ho jobba i etterforskningsfeltet og det førebyggande feltet opp i mot vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep. Siste åra har ho også vore leiar for trusselgruppa i Møre og Romsdal politidistrikt. Oppgåvene til denne gruppa er mellom anna å skrive trusselvurderingar og verne om personar som er utsette for alvorlege truslar.
Evelyn fortel litt om arbeidet ho kom i frå
-Mykje av politilivet mitt har dreia seg om mishandling og vald og var slik svært fagleg spissa, og givande. Så fekk eg denne moglegheita her som handlar mykje meir om administrasjon og leiing i politiet og det synest eg er ei kjempefin mogelegheit til å få meir erfaring innanfor blant anna styring av mannskapa.
Ser fram til nye og spennande utfordringar
Politistasjonssjefen ser fram til å bli kjend med denne delen av politidistriktet. Tidlegare har ho hatt distriktsansvar og reist rundt i heile Møre og Romsdal, men no får ho større mogelegheit til å ta eit djupare dykk i Herøy, Sande og Vanylven. Det synest ho er svært spennande, også sidan ho kjem inn på heile politispekteret i den nye jobben. Det ho har jobba med tidlegare var tidkrevjande og komplekse saker å stå i. Opplevinga av å løyse saker og kunne bidra til at nokon får det betre, er noko ho tek med seg inn i denne leiarjobben. I politirolla er det å hjelpe menneske til ein betre kvardag og kjenne at ein får gjort noko for andre ein viktig del av arbeidet. Ho understrekar at politiet sitt samarbeid med andre instansar i samfunnet nærast er ein føresetnad for å lukkast i samfunnsoppdraget. Det å leie tilsette i politiet er vidare ei oppgåve med mykje ansvar som ho synest er ei spennande utfordring.
Velfungerande samarbeid mellom politi og ressursane i kommunane
Evelyn Røren har no vore i stillinga ein månad. Tida flyg, seier ho, då det har vore mykje nytt å forholde seg til. Ho gleder seg over å ha blitt kjend med fleire tilsette i alle dei tre kommunane og fastslår at det er utruleg mykje godt arbeid som blir gjort. På denne måten ser Røren at det er mykje å bygge vidare på, og ho set pris på at det er eit velfungerande samarbeid mellom politiet og ressursane i kommunane.