Med stor dugnadsinnsats frå foreldre og godt arbeid av både tilsette og administrasjonen er prosjektet no i mål. Foreldre har lagt ned mange dugnadstimar for å få til dette løftet for kommunen.
Barnegruppa framførte ei fin songavdeling før ordførar Dag Vaagen sto for snorklippinga. Saman med kommunedirektør Renathe Rossi Aglen delte han også ut blomster og leiker som gåve til dei som skal bruke dei nye, fine lokala.
Sjølvsagt vart det litt kakemarkering, samt pølser og is ( sistnemnde sponsa av Coop Marked Gjerdsvika).

Som alle veit vart skulen nedlagt for nokre år sidan, og skulelokala har stått tomme utan aktivitet.
Barnehagen og lokala til den tidlegare skulen (den nyaste delen), ligg i same bygning og same etasje på bakkenivå. Lokala til skulen var godt eigna til å kunne nyttast til utvidinga av barnehagen utan å endre på eksisterande barnehage og personalrom. Den nye skuledelen har no vorte bygd om og tilpassa barnehagedrift, og vert vurdert som eigna i høve formål og innhald etter barnehagelova.
I den nye avdelinga er det to leike- og opphaldsrom med opning mellom romma.
Det er lagt opp til samarbeid mellom avdelingane. .
Mellom avdelingane ligg personalrom og dei ulike funksjonane knytt til personalet. Dette er ikkje endra på. I tillegg til den nye avdelinga er det lagt til rette for at personalet kan nytte eit større rom til møteverksemd.
Uteområdet
Uteområdet ligg i bakkant av barnehagen der området vert skjerma for biltrafikk, og for ver og vind. Området er godt tilrettelagt med ulike soner for leik med ulike leikeapparat, område for sykling, springing, skjerma område og område der fleire kan leike saman. Barnehagen ligg nær gymsal som barnehagen kan nytte, og i eit område med nærheit til sjø, skog, fjell og landområde.
Auka godkjent leike - og opphaldsareal
Godkjent leike- og opphaldsareal er no auka og dette vil gi inntil 12 plassar meir( tilsvarande mindre dersom det er barn under tre år som får plass).