Nytt om feiing og tilsyn av fritidsbustader i Sande kommune

Nytt om feiing og tilsyn av fritidsbustader i Sande kommune

Vi har frå september starta å varsle eigarar av fritidsbustader i Sande om feiing og tilsyn av fyringsanlegg. Ny forskrift om brannførebygging vart iverksett frå 1.1.2016. Der er det  krav om at alle norske kommunar  også skal prioritere feiing og tilsyn i hytter og fritidsbustader. 

Det brenn årleg mange hytter/ fritidsbustadar i Noreg - det er difor like viktig å stille krav til branntryggleiken der på same måte som i vanlege bustader.

Varsling av tilsyn/feiing skjer via  datasystemet brannforebygging.no . Du vil få sms frå systemet med eit langt telefonnummer. Kanskje er det lett å tru at dette er eit telefonnummer som skal svindle deg. Det er det ikkje. Vi legg difor med eit døme på korleis sms’en er utforma:

Vi kartlegg no fritidsbustader for feiing/tilsyn i Dalavegen 10 C H0101, den 02.09.2020

Eigar må vere tilstades.

 Avtalen må godkjennast for at besøket kan utførast.

 1 = Det passar.

2 = Det passar ikkje, ynskjer nytt varsel.

 Svar på denne meldinga KUN med talet 1 eller 2. Ikkje noko tekst.

Dei innbyggarane som ikkje er digitale vil få brev i postkassa si om dette i staden for sms. Ynskjer de å gjere endringar i kontaktinfo så er dette noko de må gjere sjølve. Vi brukar kontakt- og reservasjonsregisteret til staten for å hente informasjon, denne kan de endre det her: Oppdater kontaktinformasjon | Norge.no

Du kan finne meir informasjon om ordninga her. 

 

Er det endringar på din eigedom ?

Har du ikkje vedovn eller skorstein må du gi oss beskjed om dette.. Du kan bruke dette skjemaet.

Det er dei same krava for tilkomst som for bustadhus, fastmontert takstige eventuelt ei feieluke i skorsteinen.

 

Sande brann og redning

 

 

Kontakt

Karina Halle Turan
konsulent
E-post
Mobil 94 85 36 04