Proposisjonen inneheld regjeringa sitt forslag til heilskapleg vidareutvikling av forsvarsevna og forsvarssektoren i Noreg. I proposisjonen foreslår regjeringa ei betydeleg styrking av Forsvaret gjennom eit forsvarsløft.
Arbeidsplassar, kunnskap og teknologi
Ulstein og Sande kommune fremmar kor viktig dei meiner det er å støtte den norske maritime industrien.
– Verfta og utstyrsbedriftene i vår region er kritisk viktige for nasjonal beredskap. Dei sit på kompetansen og teknologien som kan bidra til å løfte viktige forsvarsmessige prosjekt. Ved å legge til rette for at desse prosjekta vert realiserte lokalt, sikrar vi ikkje berre arbeidsplassar, men også overføring av kunnskap og teknologi, skriv dei i høyringssvaret.
Du kan lese heile høyringssvaret her(PDF, 126 kB)
Ordførar i Sande kommune Dag Vaagen
Høyre
Ordførar i Ulstein kommune Stian Skorgen Scheide.
Janne-Marit Myklebust
Myklebust Verft