istock
Tid og stad
Det vert to oppsamlingsdagar med influensa -og koronavaksinering tysdag 12. november og tysdag 19. november frå kl 13:00- 14:30 på Kapellet ved Sandetun.
Prisar
Influensavaksine: 200 kr
Koronavaksine: Gratis
Du betalar for vaksina med kort eller kontant når du møter til vaksinasjon.
Kven bør ta influensavaksine ?
Personar i følgjande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal òg få tilbod om influensavaksine
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år.
Barn og vaksne med:
- kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
- hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
- diabetes type 1 og 2
- leversvikt eller nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
- nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, hiv, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
- svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert andre stader)
Les meir nedanfor:
https://www.fhi.no/va/influensavaksine/influensavaksine-risikogrupper/
Kven bør ta koronavaksine?
- Personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbeboarar
- Personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
- Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorlig grunnsjukdom
- Barn 6 måneder–11 år med alvorlig grunnsjukdom dersom barnets lege vurderer dette som viktig
- Gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderes dersom den gravide har tilleggssjukdomar som gir ytterlegere økt risiko.
Les meir nedanfor:
https://www.fhi.no/ss/korona/koronavaksinasjonsprogrammet/koronavaksine/
Pneumokokkvaksine
Dersom du treng påfyll av lungebetennelsevaksine (pneumokokkvaksine), kan du ta kontakt med legesenteret. I følge FHI skal denne fornyast kvart 6. år for dei i risikogruppene og dei over 65 år.
Les meir her: https://www.fhi.no/va/voksenvaksinasjon/pneumokokkvaksinasjon-for-voksne/