På saklista

På saklista

Denne veka er det møteveke for råd og utval i Sande. Alle dei tre kommunale råda og dei tre hovudutvala skal ha møte. 

Eldrerådet har møte mandag 30.10 kl 09.10. Møtet skal vere på Rådhuset.
På saklista står sak om kjøp av tildelingstenester for helse- og omsorgstenesta frå Herøy kommune.

Ungdomsrådet sitt møte er også på mandag 30.10, dei startar kl 18.00 på rådhuset.
På saklista til ungdomsrådet er det saker om suppleringsval for Ungdomsrådet og rapport frå UngData-undersøkelsen i Sande. 

Råd for personar med nedsett funksjonsevne har møte tysdag 01.10 kl 09.00 på rådhuset. 
Dei skal også behandle sak om kjøp av tildelingstenester for helse- og omsorgstenesta frå Herøy kommune. 

Oppvekst- og kulturutvalet sitt møte skal vere på Kvamsøy Oppvekstsenter, tysdag 01.10 kl 12.00. 
Dei startar møtet med synfaring på oppvekstsenteret, både skulen og barnehagen. På saklista finn vi saker om rapport frå UngData- undersøkelsen i Sande. 

Næring, teknisk og miljøutvalet har møte onsdag 02.10 kl 16.05 på rådhuset. 
På saklista står saker om tilskot frå næringsfond, ny pumpestajon i Hallelia, rehabilitering av kommunale vegar, konsesjon og samarbeid om tilsyn av spreidde avløp. 

Helse- og omsorgsutvalet sitt møte vert den 03.10 kl 14.15 på rådhuset.
På saklista finn vi saker om UngData-undersøkelsen og kjøp av tildelingstenester. 

 

Alle møte er opne for publikum og presse. 

Du kan lese alle sakspapira her.