Det skal vere møte i formannskapet tysdag 19. november kl 14.00. Møtet er på rådhuset.
Saklista
Formannskapet skal legge budsjettframlegget sitt ut på høyring etter dette møtet, og dei har i tillegg fleire saker på saklista som vil ha økonomisk innverknad på drifta framover.
Dei skal mellom anna tilrå til kommunestyret å gjere vedtak i saker om
- rettleiande bemanningsfaktor for sjukeheimen
- vidare omlegging av tenesteprofil frå institusjonsteneste til heimeteneste
- temaplan for integrering og inkludering av flyktningar 2025 - 2027
- innføring av tilsynsavgift etter tobakkskadelova
- sunnmøre regionråd - omdanning frå interkommunalt selskap til interkommunalt politisk råd.
Du kan lese alle sakspapira her.
Du kan også vere publikum i møtet viss du vil det.