iStock
Kurset går desse måndagane kl. 18.15 - 20.15
- 23.september
- 30.september
- 14.oktober
- 21.oktober
Stad: Etestova på Sandetun på Larsnes
Kvifor pårørandeskule ?
Mange undersøkingar viser at pårørande eller vener til personar med sjukdomen demens har eit stort behov for kunnskap, hjelp og støtte i ein vanskeleg situasjon.
Mål for pårørandeskulen er
- å gi pårørande til personar med demens auka kunnskap om sjukdomen for å takle sin situasjon i høve til familie og vener
- å betre kvaliteten på samværet med den sjuke, både i heimesituasjon og på institusjon
- at pårørande vert kjend med ulike tenestetilbod og behandlings-apparatet
Påmelding:
Ring Sande kommune, kommunikasjonsavdelinga – tlf 700 26 700 mellom kl. 10:00 – 14:00
E-post: Kommunikasjon@sande.kommune.no
Frist: Innan torsdag 19.september 2024.
Kursrekka er gratis, og det vert enkel servering på kurskveldane.
Har du spørsmål?
Kontakt Kari Johanne Skarmyr tlf 959 18 965 eller Kari Ristesund - tlf 905 41 236.