Partnerskapsmøte 2024

Partnerskapsmøte 2024

Korleis utvikle den felles helsetenesta vår? 

Kommunale delegatar i møte med Møre og Romsdal Helseføretak i det årlege partnerskapsmøte.

Møtet torsdag 13. juni vart halde i bystyresalen i Ålesund kommune. Øvste administrative og politiske leiarnivå i kommunane saman med fastlegerepresentant og brukarrepresentantar deltok på møte.  Dei drøfta korleis helsetenestene best kan utviklast for innbyggarane i Møre og Romsdal.
 

Frå Søre Sunnmøre møtte ordførar i Volda Sølvi Dimmen, kommunedirektør Renathe Rossi Aglen i Sande og kommunalsjef i Hareid, Ottar Røyset.

Les meir om parnerskapsmøtet: Korleis utvikle «vår felles helseteneste» i Møre og Romsdal.

Fredrik A.S.R. Hanssen, avdelingsdirektør i Spesialisthelsetjenesteavdelinga ved Helse- og omsorgsdepartementet heldt innlegg om føringar i Nasjonal helse- og samhandlingsplan.