Personalmøte og fagdag i Bu og habilitering - positiv utvikling i 2024
Rett før jul hadde ein personalmøte og fagdag i Bu og habilitering med 15 engasjerte medarbeidarar. Samstundes var resten av personalgruppa på jobb for å følgje opp dei som treng hjelp gjennom dagen.
Den første timen handla om endringar ein står overfor og auka fokus på det faglege arbeidet som blir forventa av dei som tenesteytarar. Fagdagen blei vidare brukt til å diskutere og reflektere over spørsmål knytt til arbeidsmiljø og korleis ein vil ha det i Bu- og habiliteringseininga.
Eininga har klart å få sjukefråværet ned til 12%, ein stor betring frå 2023. Dette måtte naturlegvis feirast med kake! Dei set seg nye mål, og prøver å få til ei vidare positiv utvikling i eininga gjennom 2025!
Publisert 14.01.2025 21:46
Sist endra 14.01.2025 21:47