Politiet varslar fleire kontrollar dei neste vekene

Politiet varslar fleire kontrollar dei neste vekene

Det er skulestart i Sande denne veka, og politiet har varsla at dei vil halde fleire kontrollar ved skulane  i  kommunen.

Møre og Romsdal politidistrikt

Kontrollane er ein del av den årlege Aksjon skuleveg. Her samarbeider politiet med Trygg Trafikk, Statens vegvesen og andre trafikksikkerheitsaktørar om å trygge vegane ved skulestart.

Som del av dette vil det bli kontrollaktivitet ved barneskuler, ungdomsskular og vidaregåande skular i fylket, med fokus på fart, rus, sikring av barn i bil og merksemd.

Hugs at som sjåfør har du eit særleg ansvar for at barn ikkje blir skadd på skulevegen.  Vis omsyn og køyr forsiktig.