Sandetun-prosjektet har begynt å ta form

Sandetun-prosjektet har begynt å ta form

Arbeidet med fornying av Sandetun held på og er planlagt ferdigstilt etter sommaren 2025.

Areal som skal byggast om i eksisterande bygg er ferdig rive og betongsaging er nesten ferdig. Vidare er ny heissjakt ferdig støypt frå 2.etasje til 3.etasje.

På eksisterande tak er det starta opp planlegging og tillaging av kasser som søyler til beresystemet skal plasserast. Dette for å hindre vatn i konstruksjonen fram til tett bygg. Etter ferien (veke 32) vil det verte starta opp med røysing av berekonstruksjon til 3.etasje samt takkonstruksjon og ytterveggar. Det blir tatt sikte på rask framdrift fram til tett bygg.

I 2023 vart det montert solcelleanlegg på taket til  eksisterande sjukeheim. Dette med 100% støtte frå Husbanken. Det nye taket vil også få taket dekt med solcellepanel der Husbanken dekker 50% av kostnaden.

Ferdigstilling er planlagt til etter sommaren 2025.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete