TT-kort - drosjelappar - søknadsfrist etter dei nye retningslinene

TT-kort - drosjelappar - søknadsfrist etter dei nye retningslinene

Dersom du har nedsett funksjonsevne og ikkje kan nytte deg av offentleg transport eller eigen bil for å kome deg på fritidsreiser, kan du søkje om å få Transportteneste - også kalla drosjelappar eller TT-kort

1.oktober er fristen for å søkje om denne ordninga dersom du skal få tildelt noko for 2025. Alle brukarar av tenesta må søkje på nytt innan denne datoen. 

Er du pårørande eller har nokon i nærmiljøet som bør få vite om ordninga - og fristen - ver venleg å gjer dei merksam på det!

Kven kan få tenesta?

Krav til den som søker frå 2025:

Vilkår for å bli godkjent som TT-brukar

a) Søkaren må ha ei funksjonsnedsetttng som må vere varig eller vare lenger enn 2 år.

 b) Søkaren må vere folkeregistrert i Møre og Romsdal.

 c) Søkaren må, på bakgrunn av funksjonsnedsettinga, vere ute av stand til å nytte offentleg transportmiddel.

Til dømes personar med livslang forflyttingshemming (orienteringsvanskar, rørslevanskar-/flyttingsvanskar og skjulte funksjonsvanskar), rullestolbrukarar og blinde/sterkt svaksynte.

e) Nedre aldersgrense for brukargodkjenning til TT-ordninga er 10 år. 

 

Her kan du lese meir om ordninga og finne søknadsskjema.