TV-aksjonen 2024 vart markert både ved Gursken og Larsnes oppvekstsenter

TV-aksjonen 2024 vart markert både ved Gursken og Larsnes oppvekstsenter

Skulane hadde eit ønske om å markere dette då dei er opptekne av å hjelpe andre. Alle kan vere med å gjere ein innsats gjennom ein slik aksjon.

Tysdag 15.oktober heldt Larsnes skule det årlege skuleløpet til inntekt for TV-aksjonen.

Det var ein fantastisk innsats av elevane ved Larsnes oppvekstsenter. Dei verka topp motiverte og det var mange som ga alt dei kunne. Fleire «kasta» skjorta undervegs i løpet då det vart varmt å halde eit slikt tempo i lengda. Lærarane talde rundene og motiverte elevane frå sidelinja.

Torsdag 17. oktober vart det også arrangert eit skuleløp for heile Gursken oppvekstsenter på Riverplate stadion. Rektor Marianne Solbjørg Ose er svært imponert over innsatsen til elevane. Dei fullførte heile 2065 runder i øsande regnver. 

 -Vi er stolte av elevane som tek ansvar for at andre skal få det betre, fortel ho. Elevane viste stor innsatsvilje.

På barneskulen var det i tillegg kafè der foreldre, besteforeldre, tanter og onklar møtte opp. Foreldre har hjelpt med mat til kafèen der det var både rundstykker og kaker å få kjøpt. Rektor sette pris på at foreldra hadde stilt opp med mat. Dei tilsette hadde også gjort ein stor innsats for å få alt til å flyte.

Rektor og dei tilsette var også glade for at ordføraren Dag Vaagen kom innom skuleløpet.  

-Det er kjekt at han bryr seg om det som skjer på skulane, seier ho.

Inntektene frå både løpet og kafèn går til Barnekreftforeningen. Pengane skal nyttast til etablering av familiehus nær sjukehus i Oslo, Trondheim, Bergen og Tromsø. Dette er bustader der alvorleg sjuke barn og familiane deira kan bu rett ved sjukehuset medan barnet får behandling. Her kan familien finne ro, og sysken kan òg bli tekne vare på i den tunge perioden.

Under finn du Spleis i regi av Gursken oppvekstsenter til inntekt for Barnekreftforeininga  –Spleis - Gursken oppvekstsenter vil vere open ut oktober.

 

Spleis i regi av Larsnes skule til inntekt for Barnekreftforeininga  –

Spleis - Larsnes skule vil vere open ut oktober.