Vi ønsker å få inn forslag til kandidatar til kulturprisen -innan 10. oktober

Vi ønsker å få inn forslag til kandidatar til kulturprisen -innan 10. oktober

Sparebanken Møre og Sande kommune deler kvart år ut kulturprisen for Sande. Prisen vert utdelt på eit passande arrangement  på slutten av året. 

Vinnaren får kr 20 000,-

Utdeling av kulturprisen 2025 - Klikk for stort bileteTrond Torset vann kulturprisen i 2025 Elin Almestad, Sande kommune

Kven kan få kulturprisen?

  • Kulturprisen går til einskildpersonar, lag eller organisasjonar i Sande kommune.
  • Desse skal ha vist vedvarande evne og vilje til å yte kulturinnsats utover det vanlege. Kulturarbeid kan definerast vidt. 
  • Framlegg på kandidatar til kulturprisen kan fremjast av einskildpersonar, lag og organisasjonar.
  • Framlegget skal vere skriftleg og med grunngjeving.
     

Meld på den DU meinar fortener årets kulturpris her

Her er retningslinene for kulturpris-tildeling (PDF, 238 kB)

Frist for innspel: 

10. oktober er frist for innsending av forslag til kulturpris. 

Kven bestemmer kven som skal få prisen? 

Det er sett ned ei nemnd som vurderer forslag til kulturpris-kandidatar. 

Nemnda er sett saman av tre politisk valde representantar og ein representant frå Sparebanken Møre.

Sjå kven som har vunne tidlegare:

 

Her finn du tidlegare kulturprisvinnarar

Kontakt

Elin Almestad
spesialkonsulent