Pixabay
Vi treng to nye medlemmer til ungdomsrådet i Sande kommune. Du må vere over ungdomsskulealder, og kunne representere ungdom for heile kommunen.
Kvart år skal det i månadsskiftet august/september gjennomførast val av to nye medlemmer til ungdomsrådet i Sande. Ungdomsrådet skal bestå av ti medlemmar i alderen 13-20 år.
Ungdomsrådet skal vere ungdomen sitt talerøyr overfor politikarar og beslutningstakarar, og skal ha ei rådgjevande rolle for kommunen og fylkeskommunen.
Rådet skal representere interessene til ungdommen i kommunen, eller i fylket og har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom. Ungdomsrådet kan også ta opp eigne saker. Medlemmene i rådet vert valde for inntil to år om gongen
Klimakonferanse Breidablik 23.09.19
Sande kommune
Ungdomsrådet skal mellom anna arbeide for:
- Tilrettelegging av aktivitetar for ungdom i kommunen
- Reell medverknad i den politiske beslutningsprosessen i kommunen
- Forståing for behova til denne aldersgruppa
- Å gjere Sande til ei meir attraktiv kommune å bu og etablere seg i
Ungdomsrådet kan gjere eigne vedtak innanfor dei rammer som kommunestyret til ei kvar tid vedtek. Ungdomsrådet har om lag åtte møter i året, men rådet kan innkallast etter behov.
Dersom du kan tenkje deg å vere medlem i ungdomsrådet, så kontakt Elin Almestad på e-post: elin.almestad@sande.kommune.no innan 29. september.