Måndag 16. februar inviterer vi til familiedag med grilling
Vi går opp i Vardevegen og finn på noko kjekt oppe ved gapahuken. Ta med grillmat, og NaKuHel Sunnmøre stiller også med pølser og kakao. Arrangørane er der frå klokka 14.30 og utover dagen.
f.v. Nina Bøe og Ann-Kristin Brekke Oksavik
Silje S. Mork
Tysdag 17. februar blir det open hall og ungdomsklubb i av samarbeid med Larsnes idrettslag. Opningstida er frå klokka 12 til 15.30. Det blir servert enkle ostesmørbrød, og med moglegheit for gaming, brettspel og aktivitetar i gymsalen. Der vert også kiosk. Frå 4 klasse og oppover i ungdomskulen.
Torsdag 19. februar blir det badedag på Ulstein Arena for 4. klasse og oppover. Vi tar rutebuss, og har 20 plassar tilgjengeleg. Meld dykk på til Nina på tlf. 41507568 så fort som råd for å sikre plass. Dei som blir med må vere symjedyktige.