Høyring - endring i forskrift om godtgjersle og permisjonar for folkevalde

Høyring - endring i forskrift om godtgjersle og permisjonar for folkevalde

Sande formannskap tilrådde i møte den 19. november, sak 135/24 å endre forskrifta om godtgjersle og permisjonar for folkevalde. 

Endringa som er foreslått gjeld ordføraren si godtgjersle som også er utgangspunkt for dei andre godtgjerslene for politikarane.  Ein foreslår å redusere godtgjersla frå 8.8G til 8G.

Endringa lyder slik: 

Ordføraren si godtgjersle skal til ei kvar tid utgjere 100% av 8G

 

Forskrifta sin §5 vil verte slik etter endring:

§ 5. GODTGJERSLE FOR ORDFØRAR M.M § 5.1 
Fast årleg godtgjersle 

Godtgjersle for ordførar i 100% stilling er definert som ein del av grunnbeløpet i folketrygda (G). 

Godtgjersla vert regulert prosentvis kvar år i samsvar med endringar i dette grunnbeløpet.  Endringane vert gjort gjeldande frå 1.1. året etter. 

 

Ordføraren si godtgjersle skal til ei kvar tid utgjere 100% av 8G. 

Godtgjersla skal utbetalast med 1/12 kvar månad saman med lønsutbetalinga for administrativt tilsette (vanlege reglar for skattetrekk mv.). 

Godtgjersla gjev ikkje grunnlag for feriepengar. 

Ordføraren får ikkje møtegodtgjersle eller refusjon for tapt arbeidsforteneste for å utføre kommunale ombod. 

 

Du kan lese heile forskrifta her.  (PDF, 507 kB)

 

Ei endring av lokal forskrift krev høyring. Endringa vert derfor lagt ut til offentleg høyring, med høyringsfrist 09.12.2024.

Endeleg vedtak vert gjort av kommunestyret den 10.12.24.

Du kan skrive ditt høyringssvar her.  Merk med saksnummer 23/1188.